Barnehagedagen fyller 20 år! Leik har vore ein raud tråd opp gjennom åra, og blir det også i 2025 med slagordet «La leiken leve!». Dette vil naturlegvis alle barnehagane i Fjord kommune markere på ulikt vis.

Leiken er det som best beskriv den norske barnehagen sin eigenart. Å legge til rette for, rydde plass til, oppmuntre til, og delta i leik er noko av det viktigaste personalet i barnehagen gjer for barna. I rammeplanen for barnehagar står det at «Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og leikens eigenverdi skal anerkjennast»
I Fjord kommune har alle barnehagane vore med på eit prosjekt gjennom Sunnmøre Regionkomptanse (Rekomp), der vi har arbeidd med temaet «Leik» med ulike innfallsvinklar. Vi har arbeidd med inkludering, språkutvikling, leikekompetanse og korleis vi som vaksne kan inspirere og legge til rette for allsidig leik.
I Stordal barnehage vil dei på Barnehagedagen invitere alle foreldra til foreldrekaffi og leik der dei har valt å legge vekt på gode gamle regel-leikar som til dømes «Slå på ringen», «Ta den ring» «Bro bro brille» og ulike sistenleikar. Desse leikane utfordrar både samarbeid, språk, inkludering, fantasi, og det å vente på tur.
Kvar barnehage sender ut meir informasjon om korleis dei vil markere dagen til sine foreldregrupper.
Publisert 07.03.2025 08.56