Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering og reseksjonering skal søkjast om. Vi seier ofte at vi seksjonerer opp bygninga, men i praksis er det eigedomen. Den enklaste forma for seksjonering er ei bygning med to brukseiningar der eigarane av desse eig like mykje av eigedomen som bygninga står på. Ved reseksjonering gjer ein endringar i allereie seksjonert eigedom. Om ein ønskjer å spesifikt knytte delar av eigedomen til brukseiningane, må ein rekvirere ei oppmålingsforretning.

Kven kan søkje?

Heimelshavar, festar eller ein med fullmakt kan søkje. Ved reseksjonering må heimelshavar og styret i sameiget signere.
Slik går du fram

1.    Fyll ut standardisert skjema på regjeringen.no
2.    Lag situasjonskart og seksjoneringsteikningar
3.    Legg ved sameigevedtekter og erklæringar
4.    Send original søknad inn til kommunen

Kommunen godkjenner eller avslår søknaden. Seksjoneringa må knyttast til godkjende brukseiningar og tilhøve som skal avklarast i byggjesak. Les skjema nøye. Det er fleire vilkår som vere oppfylt, sjå lov om eierseksjoner §7. Søknaden må ha originale underskrifter. Det same gjeld for eventuelle erklæringar.

Å fylle ut søknader og gjere naudsynte avklaringar kan vere vanskeleg for mange som kanskje gjer dette berre ein gong i livet. Kommunen kan gje rettleiing, men ikkje hjelpe deg med utfylling av søknaden. Vi rår deg til å søkje hjelp om å du er usikker.

Ein komplett søknad frå start sparer både deg og kommunen for tid og kostnadar.

Nyttige lenkjer

  • Kommunekart.com -  Kommunen si publikumsløysing med viktig informasjon. Lag situasjonskart
  • Kartverket.no – Skjema for rekvisisjon og anna nyttig informasjon. Her kan ein søkje og få hjelp til det meste som har med eigedom å gjere
  • Eiendomregisteret.kartverket.no – Alt om din og andre sin eigedom

Prisar

Fjord kommune sitt gebyrregulativ. Prisane varierer etter antall seksjonar, eventuelt oppmåling av uteareal og tinglysingsgebyr.

Lovverk

Petter Aksel Kirkebøe
Rådgjevar Plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 29