Ikkje søknadspliktige tiltak

Dersom ein ønskjer mindre grensejusteringar, nymerking eller klarleggjing av grenser kan ein rekvirere kommunen direkte utan å søkje godkjenning etter plan- og bygningslova. Det er likevel ein del som må vere på plass før kommunen kan utføre endringa. 

Vi rår deg til å lese rettleiinga på dei aktuelle skjema og på kartverket sine sider for den forretninga det gjeld. Kommunen må rette seg etter dokumentasjonen som er kravd etter Matrikkelforskriften §27.

Nytt gjerne kommunen sin e-dialog for innsending av skjema.

Klarlegging av eksisterande grense, punktfeste og stadbundne rettar

Matrikkelføring av klarlegging av eksisterande grenser, punktfeste og stadbundne rettar, utført som særskild forretning, kan krevjast av nokon som har grunnboksheimel som eigar eller festar til den aktuelle matrikkeleininga, eller staten, statsføretak, fylkeskommune eller kommune.

Du må leggje ved naudsynt dokumentasjon og situasjonskart.

Send inn
1.    Skjema for rekvisisjon
2.    Situasjonskart
3.    Dokumentasjon

Grensejustering

Grensejustering kan krevjast av dei som er nemnde i matrikkellova § 9. Det vil seie dei som har grunnboksheimel som eigar av eigedomane det gjeld. Endra grenser for festerett kan berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren.
Du kan ikkje grensejustere så mykje du vil. På kartverket sine sider kan du lese om reglande som gjeld. Det må heller ikkje vere i strid med plan og gjeldande regelverk. Sjå Kommunekart.com og Arealplaner.no. Ved større areal må arealoverføring nyttast. Dette er igjen søknadspliktig.

Du må leggje ved kart og eit arealrekneskap som viser at du er innanfor føresetnadane til grensejustering. I tillegg må partane skrive under på ein avtale om grensejustering.

Send inn
1.    Skjema for rekvisisjon
2.    Arealrekneskap og avtale om grensejustering
3.    Situasjonskart

Matrikulering av umatrikulert festegrunn og grunneiendom

Dette gjeld eigedomar som av ein eller anna grunn ikkje har blitt registrert som eiga matrikkeleining i matrikkelen. Eigartilhøve eller festeretten må kunne dokumenterast gjennom avtalar eller anna rettsgrunnlag. Dette er eldre eigedomar som må ha vore lovleg etablert på tidspunktet den vart oppretta. Kommunen kan, dersom dei finn at grunnlaget er til stades, registrere eigedomen med eige gards og bruksnummer i matrikkelen.

Ein må skilje desse frå eigedomar som allereie har eige gards og bruksnummer, men som manglar grenser i kartet. Desse kan vere grunnlag for klarlegging av eksisterande grense eller feilretting.

Send inn
1.    Skjema for rekvisisjon
2.    Situasjonskart
3.    Dokumentasjon

Registrering av jordsameige

Jordsameige kan registrerast i matrikkelen med eige matrikkelnummer når det er gjort sannsynleg at eininga er eit jordsameige. Registrering av jordsameige kan krevjast av nokon som har gjort sannsynleg å ha part i sameiget, eller av staten, fylkeskommune eller kommune. Nytt jordsameige kan berre opprettast av jordskifteretten og er søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Ofte vil jordskifteretten vere vegen å gå dersom det likevel er usemje om grenser eller eigarandelar internt i sameiget.

Send inn
1.    Skjema for rekvisisjon
2.    Situasjonskart
3.    Dokumentasjon

Samanslåing av eksisterande matrikkeleiningar

Om ein har eigedomar med ulik gards- og bruksnummer og ønskjer å slå desse saman til eit, kan ein rette krav til kommunen om dette. Kommunen godkjenner eller avslår kravet. Kjende feil er uavklarte pant eller rettar i grunnboka. Les meir i Matrikkelforskriften §43 og på Karverket.no

Send inn
1.    Skjema for krav om samanslåing
2.    Situasjonskart

Referanse til stadfestingsavtale

Kommunen kan matrikkelføre referanse til stadfestingsavtale på eigedomar og bygningar. Kommunen kan registrere grensene etter ønskje frå partane og referere til avtalen. Denne avtalen kan tinglysast med referanse til matrikkelen. Dette gjeld gjerne mellom større eigedomar der alle er kjend med kvar grensa går og har ikkje vore fastlagt i ei oppmålingsforretning eller tilsvarande. Vilkåra må vere oppfylt etter Matrikkelforskriften §44. Sjå elles KS sin rettleiar. Vurder om eit krav om feilretting er meir eigna.

Send inn 
1.    Eit krav om matrikkelføring
2.    Stadfestingsavtalen (KS har malar på si heimeside)
3.    Dokumentasjon

Nyttige lenkjer

Prisar

Fjord kommune sitt gebyrregulativ. Du må betale eitt gebyr for gjennomføringa etter matrikkellova.

Lovverk

Petter Aksel Kirkebøe
Rådgjevar Plan og miljø
E-post
Telefon 41 86 79 29