Å søkje om dispensasjon er krevjande og inneber ei grundig vurdering av fleire omsyn. Rettleiinga under viser kva som normalt må vurderast for at kommunen skal kunne ta stilling til ein søknad. I mange saker vil det vere formålstenleg å bruke fagpersonar.
Denne rettleiinga er laga for å hjelpe deg som vil prøve sjølv – steg for steg.
1️. Når treng du dispensasjon?
Hovudregelen i plan- og bygningslova er at tiltak skal vere i samsvar med gjeldande arealplan for eigedomen. Dispensasjon er eit unntak frå denne hovudregelen og må søkjast særskilt dersom tiltaket ikkje er i tråd med planen. Gjeldande plan for eigedomen kan du finne på arealplaner.no (reguleringsplan og kommuneplan).
Du må normalt søkje dispensasjon dersom tiltaket:
- er i strid med arealformålet i kommuneplan eller reguleringsplan
- gjeld bygging eller frådeling i LNF-område utan landbruksformål
- gjeld tiltak i strandsona (100-metersbeltet langs sjø eller vassdrag)
- bryt byggegrenser eller andre planføresegner
2. Kva er ein dispensasjon?
Ein dispensasjon er eit vedtak der kommunen gir unntak frå krav i plan- og bygningslova eller frå gjeldande arealplan for eigedomen.
Når du søkjer dispensasjon, ber du kommunen gjere unntak frå det som elles ikkje er tillate etter planen eller regelverket. Dispensasjon er ein unntaksregel i lovverket og skal berre givast når vilkåra i plan- og bygningslova er oppfylte.
Ein dispensasjon gjeld berre det konkrete tiltaket det er søkt om. Dispensasjonen endrar ikkje planen som gjeld for området.
Ingen har krav på å få dispensasjon.
3. Vilkår for å få dispensasjon
Kommunen kan berre gi dispensasjon dersom vilkåra i plan- og bygningslova § 19-2 er oppfylte. Dispensasjon er eit unntak frå gjeldande plan og regelverk.
For å kunne gi dispensasjon må begge desse vilkåra vere oppfylte:
Omsyna bak planen eller regelen må ikkje bli vesentleg tilsidesette
Planar og føresegner skal ivareta viktige omsyn, til dømes landbruk, natur, landskap, friluftsliv eller trygg arealbruk. Tiltaket må ikkje svekke desse omsyna på ein vesentleg måte.
Fordelane ved tiltaket må vere klart større enn ulempene
Det må liggje føre klare fordelar ved tiltaket som veg tyngre enn ulempene for omgjevnader, naboar og samfunnsomsyn. Fordelane må vurderast ut frå relevante areal- og ressursomsyn.
Sjølv om vilkåra er oppfylte, kan kommunen etter ei samla vurdering avslå søknaden.
4. Krav til dispenasjonssøknad
Ein dispensasjonssøknad må vere tilstrekkeleg opplyst før kommunen kan ta stilling til saka, jf. forvaltningslova § 17. Det er tiltakshavar sitt ansvar å leggje fram nødvendig informasjon og dokumentasjon.
Søknaden må normalt innehalde:
- Skildring av tiltaket
- kva tiltaket gjeld (bygg, frådeling eller bruksendring)
- plassering, omfang og storleik
- kva plan eller føresegner tiltaket er i strid med
Vurdering av dispensasjon
- kva fordelar tiltaket gir
- kva ulemper tiltaket kan ha for omgjevnader, naboar og arealbruk
- kvifor fordelane etter di vurdering er klart større enn ulempene
- vurdering av omsyna planen skal ivareta, og kvifor desse ikkje blir vesentleg tilsidesette
Vurdering av relevante forhold i området (der aktuelt)
Til dømes naturmangfald, landbruk og jordvern, naturfare, landskap, friluftsliv, kulturminne, barn og unge sine interesser, infrastruktur og tekniske løysingar.
Kommentar til nabomerknader
- kopi av eventuelle merknader
- vurdering av merknadene og eventuelle endringar i tiltaket
Kart og dokumentasjon
- situasjonsplan eller kart som viser plassering av tiltaket
- oversiktskart med gnr./bnr.
- teikningar eller foto dersom relevant
- dokumentasjon på vegtilkomst, vatn og avløp dersom aktuelt
- dokumentasjon av naturfare der eigedomen ligg i aktsemds- eller faresone
- andre faglege vurderingar der det er nødvendig
Kommunen kan ikkje behandle søknaden før saka er tilstrekkeleg opplyst.
5. Kva må søknaden innehalde?
Ein dispensasjonssøknad må vurdere dei forholda som er relevante for tiltaket og området. Kva som er relevant vil variere frå sak til sak.
Følgjande tema kan vere aktuelle å vurdere:
Naturmangfald
Tiltaket kan påverke naturtypar, artar, viltområde, økologiske funksjonar eller vassdrag. Kommunen skal vurdere saka etter naturmangfaldlova §§ 8–12 og må ha tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag.
Landbruk og jordvern
Konsekvensar for dyrka eller dyrkbar jord og landbruksdrift må vurderast. Tiltaket kan også krevje behandling etter jordlova.
Naturfare og tryggleik
Eigedomen må vurderast opp mot risiko for skred, flaum, erosjon eller andre naturfarar. Ved kjent risiko krevst normalt fagkyndig vurdering.
Landskap og friluftsliv
Tiltaket kan påverke landskapsbiletet, ferdselsårer eller bruk av området til friluftsliv.
Kulturminne og kulturmiljø
Tiltak som kan røre kulturminne eller kulturmiljø må vere avklart før saka kan avgjerast.
Barn og unge sine interesser
Tiltaket skal vurderast opp mot omsynet til trygge og gode oppvekstvilkår, til dømes bruk av uteområde og ferdselsårer.
Infrastruktur og tekniske forhold
Tilkomst, veg, vatn, avløp og andre tekniske løysingar må vere avklart.
Samla belastning og presedens
Det kan vere relevant å vurdere samla verknader av tiltaket og om dispensasjonen kan skape presedens for liknande tiltak.
6. Kva skjer etter at du har sendt søknad
Når kommunen har motteke dispensasjonssøknaden, blir saka behandla etter reglane i plan- og bygningslova og forvaltningslova.
Saksbehandlinga skjer normalt i desse stega:
Kontroll av søknaden
Kommunen kontrollerer om søknaden er tilstrekkeleg opplyst. Dersom søknaden manglar nødvendig informasjon eller dokumentasjon, vil du få brev om å rette manglane.
Høyring
Dersom saka rører ved interesser som skal vurderast av andre myndigheiter, blir søknaden sendt på høyring til relevante fagmyndigheiter.
Vurdering av søknaden
Kommunen vurderer saka etter vilkåra for dispensasjon i plan- og bygningslova § 19-2 og relevante omsyn i saka.
Vedtak
Kommunen fattar vedtak om å gi eller avslå dispensasjon. Vedtaket blir grunngitt.
Klage
Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan klagast på etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du har motteke vedtaket.
Saksbehandlingstid
Kommunen behandlar søknader fortløpande og så raskt som mogleg, i tråd med plan- og bygningslova.
Saksbehandlingstida varierer mellom anna etter:
– om søknaden er tilstrekkeleg opplyst
– behov for supplerande dokumentasjon
– om saka må sendast på høyring til andre myndigheiter
– samla saksmengd i kommunen
Ein fullstendig og godt dokumentert søknad gir normalt kortare behandlingstid.
Gyldigheit av vedtak
Løyve eller dispensasjon fell bort dersom tiltaket ikkje er sett i gang innan tre år frå vedtaket er gitt, jf. plan- og bygningslova § 21-9.
7. Før du søkjer
Ein dispensasjonssøknad krev grundige vurderingar av plan, regelverk og forhold på eigedomen. Ein godt førebudd og dokumentert søknad gir betre grunnlag for behandlinga.
Set deg inn i gjeldande plan
Sjekk kva arealformål og føresegner som gjeld for eigedomen, og kva tiltaket eventuelt er i strid med.
Avklar relevante forhold tidleg
Vurder forhold som naturfare, landbruk, naturmangfald, vegtilkomst og tekniske løysingar før du sender søknaden.
Gjer ei balansert vurdering av tiltaket
Forklar både fordelar og ulemper ved tiltaket, og vurder omsyna planen skal ivareta.
Vurder behov for fagkyndig bistand
Det kan vere krevjande å utarbeide ein dispensasjonssøknad. Ved behov kan du bruke ansvarleg søkar eller annan fagperson.
Kommunen kan gi rettleiing om prosess og krav, men det er tiltakshavar sitt ansvar å grunngje og dokumentere søknaden.
8. Betalingssatsar
Behandling av dispensasjon og søknad om frådeling er gebyrbelagd etter kommunen sine betalingssatsar. Betalingssatsar skal normalt betalast sjølv om søknaden ikkje blir godkjend.
Sjå gjeldande betalingssatsar