Kven kan ta prøva?
Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøva.
Kva er pensum?
Læremateriell for etablerarprøva er utarbeidd av VINN-senteret i Narvik (veiledningsinstituttet i Nord-Norge) og må bestillast av den enkelte.
Bestill læremateriell for etablerarprøva frå VINN
Kva kostar det?
Du betalar 400 kroner når du møter for å ta prøva. Du kan betale kontant eller med Vipps.
Kvar tek du prøven?
Du tek prøva i servicetorget på rådhuset. Du kan også ta prøva i andre kommunar.
Gjennomføring av prøva
- Du må legge fram gyldig legitimasjon som pass, førarkort eller bankkort med bilde.
- Du må levere frå deg telefonen før du tek prøva.
- Prøva er ei elektronisk fleirvalsprøve som varer inntil 90 minutt. Du må svare rett på minst 40 av 50 spørsmål.
- Prøva er på norsk og du kan ikkje ha med tolk eller bruke ordbok. Det er tillatt å bruke lovsamling, den kan du få låne i servicetorget.
Tilrettelegging ved spesielle behov
Om du har dysleksi kan du få 30 min ekstra tid (krev legeattest).
Er du svaksynt, har lammelsar, nedsett hørsel eller andre utfordringar legg vi til rette så langt det let seg gjere. Tilrettelegging må avtalast på førehand.
Kor mange gonger kan du ta prøva?
Du kan ta prøva på nytt heilt til du består. Du må betale per prøve.
Påmelding
Ta kontakt med oss for å avtale tid
Telefon 418 67 800 eller e-post: post@fjord.kommune.no
Prøvebevis
Alle som består etablerarprøva får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på for dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap. Beviset er gyldig på ubestemt tid. Vi lagar beviset medan du ventar eller vi kan sende det til deg på e-post.
Lover og reglar
Informasjon om lover og forskrifter som gjeld for serverings-, sals- og skjenkestadar