Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
Formålet med SMIL-ordninga er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap, samt å redusere forureininga frå jordbruket. Søknadsfrist 1.mars.
Kva kan det søkast tilskot til
Kulturlandskapstiltak
Planleggings- og tilretteleggingstiltak
Forureiningstiltak
Eksempel
- tiltak som betrar folk sin tilgang til kulturlandskapet og legg til rette for ferdsel til fots. Aktuelle tiltak kan vere utbedring, etablering, rydding og vedlikehald av stiar og turvegar i jordbruksområde. Merking av ferdselsårer og utarbeiding av enkel informasjon.
- tiltak som ivaretek biologisk mangfald og gammal kulturmark. og som legg tilrette for økt biologisk mangfald. Tiltaka skal bidra til å bevare bestandar og oppretthalde leveområde og spredningsvegar. Legge til rette for plante- og dyrelivet på gamal kulturmark.
- tiltak som ivaretek kulturminner og kulturmiljø i jordbruket sitt kulturlandskap. Dette inkluderer alle former for kulturminner ikkje berre kulturminner og anlegg.
Kven kan søkje?
- Eigarar av ein landbrukseigedom så lenge det foregår produksjon på eigedomen som gir rett til produksjonstilskot.
- Tiltaket må vere knytt til ein registrert landbrukseigedom
- Dersom søkjar er ein anna enn eigar av landbrukseigedomen må eigar gje løyve til gjennomføring av tiltaket
- Tiltak skal ikkje vere starta opp før tilskot blir innvilga.
Søknaden leverast inn på nett. Lenkje til søknadsskjema, i tillegg til meir informasjon om ordninga finn du her : SMIL
Obligatorisk vedlegg til digital utbetalingsanmodning: Rapporteringsskjema for utbetaling av SMIL-midlar (DOCX, 53 kB)
Publisert 11.07.2023 15.02
Sist endra 31.01.2025 08.22