Velkomen til seniormiddag

Vi ønskjer deg som er senior i Fjord velkomen til middag og prat i Stordalshallen tysdag 14. oktober klokka 15. Hugs påmelding.

Velkomen til seniormiddag

Målet er å treffast for mat og prat i hyggeleg lag. Menyen blir biffgryte med salat og ris, kaffi og kake.

Stad: Stordalshallen, Stordal
Tid: tysdag 14. oktober kokka 15

Ordføraren og kommuneleiinga gler seg til å møte dykk og dei vil informere om arbeidet med levekårsplan og livsløpstrapp – kva meiner du?

Tips gjerne fleire og ta med deg ein ven eller nabo i målgruppa som vil vere med! 

Pris

Eigenandel kr 100. Betal med kontantar eller vipps når du kjem.

Fjord kommune har fått tilskot frå Helsedirektoratet til å dekke delar av middagen.

Gratis skyss

Har du behov for skyss til/frå Stordalshallen, bestiller du direkte til transportør.

  • Frå Valldal/Fjørå/Tafjord - Valldal taxi, telefon 90906210
  • Frå Eidsdal/Norddal - Geiranger taxi, telefon 98241928
  • Frå Stordal/Dyrkorn - Fjord taxi, telefon 95096532

Påmeldingsfrist

Påmelding innan 6. oktober. Har du gløymt å melde deg på eller har du spørsmål kan du ta kontakt med Bjørg på telefon 90529164.

 

Seniormiddagen vert delfinansiert med tilskot frå Helsedirektoratet.

Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64
Terese Jemtegård Moen
Ordførar
E-post
Telefon 92 80 56 59