Trim for seniorar

Treningsutstyr - Klikk for stort bileteIllustrasjon Pixabay/ArsADAstra

Vi trenar kondisjon, styrke og balanse og håper du vil vere med og jakte på sprell, moro og god form saman med andre. Treningstilbodet startar opp att i oktober. Bli med!

Trim for seniorar

Fjord kommune tilbyr eit gratis treningstilbod for seniorar. Treninga er for både kvinner og menn og blir leia av fysioterapeut. Vi møtest ein dag i veka, med oppstart i oktober. Det må vere minimum 10 påmeldte deltakarar på kvar gruppe før tilbodet blir starta opp.

Treningstilbod til deg som vi halde deg frisk og sprek

Vi trenar kondisjon, styrke og balanse med og utan musikk - og håper du vi vere med og jakte på sprell, moro og god form saman med andre. Plakaten kan du sjå her. (JPG, 345 kB)

Tid og stad

Tid og stad for seniortrim 2023
Kvar Når Oppstart
Stordalshallen tysdagar kl. 14-15 3. oktober
Martin Linge-huset fredagar kl. 12-13 6. oktober

Eidsdal

Ved nok interesse vil det bli vurdert å starte opp Trim for seniorar også i Eidsdal. Bruk påmeldingsskjema eller ta kontakt på telefon/e-post for å melde interesse. Vekedag for trimmen er ikkje fastsett.

Påmelding

Bruka skjema nedanfor eller ring Fjord kommune sitt sentralbord på telefon 418 67 800.
NB! Dei som deltok i vår må melde seg på igjen!
 

Påmelding innan 29. september

Påmeldinga er no stengt. For spørsmål som gjeld påmelding eller gjennomføring, ta kontakt med fysioterapeut Annett.

Vel møtt!

 


 

Om innsending av skjema

  1. Etter at du har fylt ut skjema skal du krysse av for Jeg er ikke en robot. Følg så instruksjonane du får.
  2. Når du får fram ein grøn hake kan du trykke på send inn.
  3. Etter innsending vil det stå Påmeldinga di er registrert på skjermen.
  4. Dersom du har lagt inn e-postadresse vil du få ein kopi av påmeldinga tilsendt.
Annett Karluss
Fysioterapeut
E-post
Telefon 41 86 79 58