Hege Sylte Sæther
privat
Kunstnaren Hege Sylte Sæther frå Fjord kommune skal representere Møre og Romsdal under UKM-festivalen i Trondheim i juni.
Kunstnaren Hege Sylte Sæther frå Fjord kommune skal delta og representere Møre og Romsdal under UKM-festivalen 2023. Denne blir arrangert i Trondheim frå 23. til 27. juni.
Hege deltek med teikninga Tankefull.
Hege, som bur i Stordal, representerte Fjord kommune under fylkesfestivalen i Hustadvika kommune i oktober i fjor, og no er ho altså også klar for UKM-festivalen.
Vi gratulerer!

Meir om UKM-festivalen finn du her.
Lenke til UKM Møre og Romsdal på facebook.
Publisert 22.03.2023 10.53