Det er no mogleg å søke om «Drømmestipendet» for kunst- og kulturutøvarar i alderen 18-25 år. Søknadsfristen er 18. november.
Kva er Drømmestipendet?
Drømmestipendet skal gi verdifull inspirasjon og påskjøning og bidra til å oppfylle draumane til ungdom som driv med kunst og kultur og som er i alderen 18-25 år. Ordninga er også med på å synleggjere kommunen sitt arbeid for unge kunst- og kulturutøvarar.
Drømmestipendet er et samarbeid mellom Norsk Tipping og Kulturskolerådet og fordelar årleg 50 stipend, kvart på kroner 30 000. Til saman 1, 5 millionar kroner.
Ulike kategoriar
Drømmestipendet vert delt ut i kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse.
Kven kan søke
For å kunne søke Drømmestipendet 2026, må du være født tidlegast 1. januar 2000 og seinest 31. desember 2007. Dette gjelder også alle søkarar i ein eventuell gruppesøknad.
Søknadsfrist
18. november klokka 12.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med kulturskulerektor som er kontaktperson i Fjord kommune,
Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettsida til Drømmestipendet.
Solveig Eide Grønningsæter frå Eidsdal var ein av femti vinnarar av Drømmestipendet 2024.
Publisert 20.10.2025 13.22
Sist endra 20.10.2025 13.22