AVLYST Teater og teaterverkstad for ungdom

Fem ungdommar i vinterlandskap framfor bygningar i Ålesund.   - Klikk for stort bileteUngdommane bak teaterframsyninga "Ordlaus". Jugendteateret/Teateret Vårt

«Ordlaus» er ei teaterframsyning av, for og med ungdom i rollene. Laurdag 29. april kjem dei til Stordalshallen og etter framsyninga blir det teaterverkstad! Vil du vere med?

Vi må dessverre avlyse framsyninga på grunn av få påmeldte. Det er mogleg å oppleve teater og teaterverkstad i Storfjord kulturhus måndag 1. mai kl. 16. Det er ikkje påmelding.

Teater 

Jugendteateret er i samarbeid med Teatret Vårt ute på turné med ei ungdomsframsyning. «Ordlaus» er ei framsyning av, for og med ungdom i rollene. Ope for alle!

Laurdag 29. april i Stordalshallen
Kl. 12:00 Teaterframsyning med Jugendteateret (ope for alle interesserte)
Kl. 13:00-14:30 Teaterverkstad (frå 13 år og oppover) 

Bli med på teaterverkstad!

Kanskje har DU lyst å starte opp med teater?
Eller er du interessert i å finne ut kva dei gjer på ei teaterøving? Her kan du prøve deg på ein typisk teatertime og du kan spørje korleis det er å vere med på ungdomsteater.

Teaterverkstaden er for deg som er frå 13 år og oppover.
Hugs påmelding til teaterverkstaden på skjema nedanfor.

 Teaterframsyning og verkstad er gratis! 

Plakaten kan du sjå her (PDF, 2 MB)

Gratis skyss

Har du bruk for transport så legg inn i skjema nedanfor.

 

Påmeldingsfrist torsdag 27. april

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64