Vil du vere med på fylkesfestivalen for UKM?

Driv du med kunst og kultur og er mellom 13 og 20 år? No har du sjansen til å bli med på UKM Fylkesfestival 2026!

UKM er Ung Kultur Møtest

I kommunen vår er det kvart år fleire flotte arrangement der ungdom får vist fram kva dei held på med. Vi håper at mange av desse ungdommane har lyst til å vere med på UKM fylkesfestivalen som er open for alle ungdommar som er mellom 13 og 20 år.

Kva er fylkesfestivalen?

På Fylkesfestivalen får du møte andre ungdommar som elskar kunst og kultur, og du får vise fram kunsten din, lære meir om lys- og lydproduksjon, vere artistvert eller framføre på stor eller lita scene! I tillegg kan du delta på spennande workshops (verkstadar) med flinke instruktørar! Fylkesfestivalen er med andre ord så absolutt ikkje ein konkurranse! Saman tek vi sikte på å skape ein eineståande festival der noko kult, moro og sosialt vil skje kvar einaste dag.

Fylkesfestivalen er open for alle - og det er heilt gratis å delta! 

Fylkesfestivalen 2026

Fylkesfestivalen vert arrangert ved kulturhuset Normoria i Kristiansund, i haustferien, 5. - 7. oktober. Fylkesfestivalen 2026 er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Atlanten vgs og Normoria.  UKM festivalprogram Kristiansund 2026

Meld di interesse!

Kva kan du gjere på UKM?

Dekorativ - Klikk for stort bileteMartyna Nowicka frå Fjord deltok under UKM landsfestivalen i Trondheim i juni 2025. Martyna deltok mellom anna med dette bildet basert på boka Game of Thrones.

På UKM kan du nemleg gjere det aller meste som har med kultur å gjere, og litt til. Du kan vise fram noko du er god til, og du kan delta både på, bak og rundt scena. 

Kultur er ikkje berre sang og dans

Å lage ein TikTok-video, bygge eit hus på Minecraft eller lage ein sminkevideo er også kultur. Kanskje du er god til å arrangere, danse, game, lage kostymar, synge, organisere, fotografere, male, designe, kveile kablar, filme, underhalde eller skrive? Dette er berre litt av mange ting ein kan gjere på UKM.

Finn ut meir om UKM

UKM fylkesfestival - Klikk for stort bileteFrå UKM fylkesfestival i Stordal

UKM Møre og Romsdal på nett 
UKM Møre og Romsdal på facebook
UKM landsfestival i Trondheim

Påmeldingsfrist 1. august

NB! Det er ikkje sikkert at alle som melder seg på får delta. Vi må mellom anna ta omsyn til talet på deltakarar og variasjon i uttrykk for både scene og utstilling. Det kan derfor vere lurt at du legg ved anten ein videosnutt, bilde eller liknande, som kan vere med og bidra til at nettopp du får høve til å delta - for vi vil gjerne ha med flest mogleg!

Blir du med?

Hallgeir Hove
Kulturkonsulent/dagleg leiar Stordalshallen
E-post
Telefon 90 94 93 58