Trim for seniorar startar opp att

Treningsutstyr - Klikk for stort bileteIllustrasjon Pixabay/ArsADAstra

Vi trenar kondisjon, styrke og balanse og håper du vil vere med og jakte på god form saman med andre. Både nye og tidlegare deltakarar er velkomne!

Trim for seniorar

Fjord kommune tilbyr eit gratis treningstilbod for seniorar. Treninga er for både kvinner og menn og blir leia av kvalifiserte instruktørar. Vi møtest ein dag i veka, med oppstart 24. og 25. september. 

No blir det også tilbod i Eidsdal, i tillegg til Stordal og Valldal.

Møt opp

Inga påmelding. Både nye deltakarar og dei som har vore med tidlegare er velkomne!

Eit treningstilbod til deg som vi halde deg frisk og sprek

Vi trenar kondisjon, styrke og balanse med og utan musikk - og håper du vi vere med og jakte på sprell, moro og god form saman med andre. Plakaten kan du sjå her. (PDF, 496 kB)

Tid og stad

Tid og stad for seniortrim hausten 2024
Kvar Når Oppstart Instruktør
Martin Linge-huset Tysdag kl. 0930-1030 24. september Hallgeir Hove
Stordalshallen Tysdag kl. 14-15 Låg intensitet/ nybegynnarar 24. september Else Midtbust
Stordalshallen Tysdag kl. 15-16 Moderat intensitet/ vidarekomne 24. september Else Midtbust
Eidsdal skule, gymsalen Onsdag kl. 10-11 25. september Margreta Veiberg
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Frivilligsentralen
E-post
Telefon 41 86 78 06
Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen/kulturkoordinator
E-post
Telefon 90 52 91 64