Snart klart for ny bygdafest

Så er vi der snart igjen. Årets bygdafest på Martin Linge-huset nærmar seg.

Folk på scene - Klikk for stort bileteGjengen som leverte i 2025

Set av laurdag 28. mars -  det er då det skjer. 

Programkomitèen hintar om mykje rart som skjer ned gjennom bygda, og lover at lattermusklane skal få trimma seg.  

Etterpå blir det dans med Zephyr - så her er det berre å gle seg.