Martin Linge-huset 5 år

Fredag 1. oktober var det 5 år sidan Martin Linge-huset offisielt vart opna. Dette måtte sjølvsagt markerast.

 

 

Ingen bursdag utan ballongar, flagg og pølser. Dette vart ei markering først og fremst for dei yngste brukarane av huset. Elevar frå Valldal skule var inviterte til bursdagsfest i kultursalen. Ernærgiske Maria Holand Tøsse, som var leigd inn for anledninga, fekk raskt liv i salen. Det vart både song og fine ord. Dei ulike brukargruppene fekk presentere seg, og nokre også vist fram kva dei driv med. Det vart ei fin stund, som vart avslutta med pølsefest. Til våren blir det Bygdafest igjen, då blir det feiring for dei litt meir vaksne.