Trimmen for deg som vil halde deg frisk og sprek! Hugs å gå på tur og halde deg i aktivitet også utover hausten og vinteren.
Vi manglar vikar når dei faste instruktørane er forhindra - kan du eller nokon du kjenner hjelpe oss?
Trim for alle er eit treningstilbod for vaksne med fokus på styrke, balanse og kondisjon. Både nye og tidlegare deltakarar er velkomne!
Oppstart hausten 2025
Det vert trening kvar veke frå oppstart og fram til jul. Eventuelle endringar vert annonsert på denne sida.
Stordalshallen 26. august
Trimmen vert inndelt i to grupper slik som tidlegare, låg intensitet/nybegynnarar og moderat intensitet/vidarekomne.
NB! Trim for alle i Stordal går ut i november og desember på grunn av sjukdom. Vi arbeider med å skaffe vikar.
Martin Linge-huset 29. august
Trimmen vert flytta frå tysdag til fredag. Fram til haustferien har vi fått tildelt tid klokka 08.30. Frå 10. oktober blir oppmøtetida endra til klokka 09.30.
NB! Trim for alle i Valldal går ut i november og desember på grunn av sjukdom. Det blir trim med vikar fredag 28. november. Vi arbeider med å skaffe vikar til dei andre datoane også.
Eidsdal skule 24. september
Instruktør er opptatt med andre oppgåver difor vert oppstarten utsett til september. Siste trim før jul er onsdag 26. november. Vi manglar førebels vikar i januar, så oppstart for 2026 blir onsdag 4. februar
Velkomen til trim for alle
Fjord kommune tilbyr eit gratis treningstilbod for vaksne. Treninga er for både kvinner og menn og blir leia av kvalifiserte instruktørar. Treninga var tidlegare spesielt retta mot seniorar, men tilbodet er no utvida til å gjelde for alle vaksne. Vi inviterer spesielt deg som ikkje har trent så mykje før, men som ønskjer å bli litt meir aktiv og som kjenner at det gjer godt for kroppen.
Tid og stad
Bli med for å halde deg frisk og sprek!
Vi trenar kondisjon, styrke og balanse med og utan musikk - og håper du vil vere med og jakte på sprell, moro og god form saman med andre. Trim for alle - plakat for hausten 2025 (PDF, 509 kB)
Illustrasjon
Pixabay/ArsADAstra