Sommarlesfest med FlåklypaLytt til tekstenStopp avspillingVelkomen til Sommarlesfest med Flåklypa på kino fredag 12. september. Sommarlesfesten er gratis og open for ALLE i 1.-10. klasse i Fjord og Liabygda. Hugs påmelding.Velkomen til Sommarlesfesten i Fjord 2025Sommarlesfesten er på Martin Linge-huset i Valldal fredag 12. september klokka 17-19.30.Klokka 17.00: Utdeling av diplom og trekking av premiar mellom dei som har delteke på Sommarles. Vi serverer pølse og saft.Klokka 18.00-19.30: Vi avsluttar med den nye, gamle Flåklypa-filmen på kino.Sommarlesfesten er gratis og open for ALLE frå 1. - 10. klasse. Føresette er også hjarteleg velkomne til å vere med, men dei må kjøpe kinobillett sjølv.NB! Vi treng påmelding for å vite kor mange som kjem.Gratis skyssDet vert sett opp skyss slik:Til festenKlokka 16.25: Buss frå Stordal skule via Liabygda og Linge ferjekai (ferje frå Eidsdal kl 16.40) til Martin Linge-huset.Heimatt Klokka 19.45: Avreise frå Martin Linge-huset via Linge ferjekai (ferje frå Linge kl 20.00) og Liabygda til Stordal skule kl 20.20.Skyssen er gratis for barn og føresette. Hugs påmelding.Påmeldingsskjema til fest og skyss - eg vil vere med! Kinoen er open for alleBygdekinoen viser Flåklypa kl 18. Ope for alle.Bygdekinoen feirar 75 år med billettar til jubileumspris kr 75. Kjøp billett på bygdekinoen.no eller i døra.Flåklypa-filmen fyller 50 år og feirar med å vise ein digitalisert og restaurert versjon av filmen på kino i 4DX-format.SommarlesSommarles er ei digital lesekampanje for barn som varer frå 1. juni til 31. august kvart år. Publisert 04.09.2025 09.17 Sist endra 04.09.2025 13.41