Refurn AS har blitt Miljøfyrtårn

Fjord kommune var sist veke på besøk hos Refurn AS i Stordal og delte ut diplom og Miljøfyrtårn-sertifikat.

Refurn AS har blitt Miljøfyrtårn 

Ordførar Terese J. Moen og miljøfyrtårnkoordinator for Fjord kommune, Hilde Dyrkorn, var sist veke på besøk hos Refurn AS i Stordal og delte ut diplom og Miljøfyrtårn-sertifikat.
Dagleg leiar i Refurn AS, Geir Hoff seier det er Claus Hoff som har stått i spissen for sertifiseringsarbeidet. Claus uttalar at det i grunnen har gått greit, det har vore litt arbeid, men det er viktig for Refurn AS å få dette på plass.

Det er mange gode grunnar for å bli Miljøfyrtårn-sertifisert

  • Sertifiseringa kan brukast som godkjent dokumentasjon i offentlege anskaffingar og er eit gyldig bevis på miljøleiing i EU/EØS.
  • Gyldig dokumentasjon vert eit kvalitetsstempel og gir eit nødvendig konkurransefortrinn.
  • Det å vere Miljøfyrtårn gir ein reell miljøeffekt og det styrker omdømet og merkevara til verksemda.
  • For Refurn AS var det viktig å kutte kostnader og auke lønsemda. Verksemda har kortreiste råvarer produsert innafor om lag ti mil i radius. 
  • Verksemda får god oversikt i miljøfyrtårnarbeidet med eit eige berekraftsverktøy - LUMA. Her finst det gode og smarte rettleiingar for berekraftsarbeidet og sertifiseringsprosessen.
  • Det er viktig å velje konkrete mål som er viktige for verksemda, og sette inn tiltak som kan gi reelle forbetringar. Verksemdene kan enkelt følge med på utviklinga, sette i verk nye tiltak og sette nye mål.
  • Miljøfyrtårn set søkelys på fleire ulike utfordringar,. Gjennom sertifiseringsarbeidet vil verksemda få konkrete råd og hjelp til å få på plass gode rutiner for HMS og arbeidsmiljø. Dette kan blant anna vere med på å redusere sjukefråveret.
  • Klimaendringar og miljøutfordringar krev handling. Med Miljøfyrtårn-sertifisering startar verksemdene ei omstilling som bidreg til ei berekraftig framtid – for både verksemda og komande generasjonar.
  • Verksemder som sertifiserer seg viser tydeleg leiarskap og tar ansvar for framtida.

Fjord kommune gratulerer Refurn AS som Miljøfyrtårn, og ønsker lukke til i vidare arbeid!

fem personar, innandørs, skilt, møblar - Klikk for stort biletePå bildet ser vi Terese J. Moen, Hilde Dyrkorn, Geir Hoff, Nils Tore Hoff og Claus Hoff under tildeling av diplom til Refurn AS. Storfjordnytt