Gåve til kunst i offentleg rom

Fjord kommune får to millionar kroner til kunst i offentleg rom gjennom prosjektet Kunstlandskap MIDT.

Gåve

Fjord kommune er ein av 21 kommunar i Møre og Romsdal og Trøndelag som er valt ut til å bli ein del av det nye kunstprosjektet Kunstlandskap MIDT.

Midlane blir gitt i gåve frå Sparebankstiftelsen SMN i samband med Noregs tusenårsjubileum i 2030. Gåva skal dekke kostnadane med kunstverket. Kommunen skal ta ansvar for lokal prosess og forankring.

Nasjonaljubileet 2030

Gåva er ikkje berre eit kunstverk, men også ein prosess der kvar kommune skal jobbe med verdiane som ligg til grunn for Nasjonaljubileet 2030: fellesskap, verdiar, identitet, arv og fornying. 
Verdiane skal diskuterast og forankrast lokalt og danne rammene for kunstverket.

Prosjekt Valldal 2029 er også ein del av denne prosessen.

Ein prosess

Det vil bli ein eigen prosess knytt til prosjektet og denne vil starte opp i løpet av våren, i samarbeid med Sparebankstiftelsen SMN og Trøndelag senter for samtidskunst. 

Fjord kommune takkar for gåva og ser prosjektet som ei spennende anledning til å koble kunst og samfunnsutvikling. Vi ønskjer at prosjektet skal vere med på å skape fellesskap og identitet for lokalsamfunnet.

Sparebankstiftelsen ønskjer at Kunstlandskap MIDT skal bidra til å auke interesse og engasjement rundt kunst i offentleg rom, bidra til kompetanseheving og skape fellesskap og inspirasjon.
 

Sparebankstiftelsen SMN: 21 kommuner er valt ut til Kunstlandskap MIDT! 
 

Fagleg støtte frå Trøndelag senter for samtidskunst