Velkomen til seniormiddag

Vi ønskjer deg som er senior i Fjord og Liabygda velkomen til middag og prat i oktober. Du kan velje mellom tre serveringsstadar. Hugs påmelding.

Velkomen til seniormiddag

Målet er å treffast for mat og prat i hyggeleg lag. Det er ulike menyar på kvar serveringsstad. Tips gjerne fleire og ta med deg ein ven eller nabo som også er senior. 

Seniormiddag vert arrangert i samarbeid med dei tre pensjonistlaga i Fjord og er delfinansiert med tilskot frå Pensjonistforbundet.

Tid og stad

Torsdag 1. oktober klokka 15.00: Valldal fjordhotell i Valldal - påmeldingsfrist 25. september

Onsdag 7. oktober klokka 15.00: Nilsgardstunet i Stordal - påmeldingsfrist 2. oktober

Tosdag 15. oktober klokka 15.00: Nerigardsløa i Eidsdal - påmeldingsfrist 9. oktober

Pris

Eigenandel kr 100. Betal med kontantar eller vipps når du kjem.

Gratis skyss

Har du behov for skyss til/frå middagen bestiller du direkte til transportør.

  • Frå Valldal/Fjørå/Tafjord - Valldal taxi, telefon 90906210
  • Frå Eidsdal/Norddal - Geiranger taxi, telefon 98241928
  • Frå Stordal/Dyrkorn - Fjord taxi, telefon 95096532

Påmeldingsskjema

 

Har du spørsmål eller vil melde deg på via telefon kan du ta kontakt med Bjørg på dagtid (klokka 08-16). Telefon 90529164

 

Seniormiddagen vert delfinansiert med tilskot frå Pensjonistforbundet.

 

mange personar samla rundt småbord innandørs - Klikk for stort bileteFullt hus under seniormiddag i Stordalshallen 2025
Bjørg Jacobsen
Stordal frivilligsentral/kulturkoordinator/bibliotek
Telefon 90 52 91 64
portrett - Klikk for stort bilete
Kristi Linge Stakkestad
Folkehelsekoordinator/Valldal frivilligsentral
Telefon 41 86 78 06