Sommarlesfest med FlåklypaLytt til tekstenStopp avspillingVelkomen til Sommarlesfest med Flåklypa på kino fredag 12. september. Sommarlesfesten er gratis og open for ALLE i 1.-10. klasse i Fjord og Liabygda. Hugs påmelding.Velkomen til Sommarlesfesten i Fjord 2025Sommarlesfesten er på Martin Linge-huset i Valldal fredag 12. september klokka 17-19.30.Klokka 17.00: Utdeling av diplom og trekking av premiar mellom dei som har delteke på Sommarles. Vi serverer pølse og saft.Klokka 18.00-19.30: Vi avsluttar med den nye, gamle Flåklypa-filmen på kino.NB! Sommarlesfesten og kino er gratis og open for ALLE frå 1. - 10. klasse. Vi treng påmelding for å vite kor mange som kjem. Frist: same dag klokka 12.Føresette er også hjarteleg velkomne til å vere med på festen, men dei må kjøpe kinobillett sjølv.Gratis skyssDet vert sett opp skyss slik:Til festenKlokka 16.25: Buss frå Stordal skule via Liabygda og Linge ferjekai (ferje frå Eidsdal kl 16.40) til Martin Linge-huset.Heimatt Klokka 19.45: Avreise frå Martin Linge-huset via Linge ferjekai (ferje frå Linge kl 20.00) og Liabygda til Stordal skule kl 20.20.Skyssen er gratis for barn og føresette. Hugs påmelding.Påmeldingsskjema er stengt Kinoen er open for alleBygdekinoen viser Flåklypa kl 18. Ope for alle. Bygdekinoen feirar 75 år med billettar til jubileumspris kr 75. Kjøp billett på bygdekinoen.no eller i døra.PS! Gratis for ALLE i 1.-10. klasse i Fjord og Liabygda. Hugs påmelding.Flåklypa-filmen fyller 50 år og feirar med å vise ein digitalisert og restaurert versjon av filmen på kino i 4DX-format.SommarlesSommarles er ei digital lesekampanje for barn som varer frå 1. juni til 31. august kvart år. Publisert 09.09.2025 07.41 Sist endra 12.09.2025 15.51