Sommarles startar no!

Startskotet for årets Sommarles er 1. juni. Sommarles er ein digital lesekampanje for alle som skal starte i 1. klasse og oppover til og med 7. klasse. Bli med!

Går du i 1. - 7. klasse?

Då kan du bli med på den kulaste lesekampanjen i Norge!

dekorativ - Klikk for stort bileteAstrid og Asbjørn frå Sommarles 2024

Lag din eigen profil på sommarles.no og les så mykje du orkar i løpet av sommarferien. Les bøker og sommarlesforteljinga og få kule premiar. 

Sjå film og registrer deg på sommarles.no eller besøk det lokale biblioteket ditt.

Gåterullmysteria

Årets forteljing er “Gåterullmysteria”,  spesialskriven for Sommarles av forfattar Mari Moen Holsve.

Bok eller lydbok

Du kan lese bøker eller høyre lydbok og samle og samle XP (poeng) for kvar side du les. Lag konto på Sommarles.no og registrer bøkene dine. Premiane hentar du på biblioteket.

Sommarles.no gjer det gøy å lese! 

Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i 2024 var det over 172 000 barn som deltok. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Lesekampanjen varer frå 1. juni til 31. august, og etterpå blir det avslutningsfest på biblioteket!
 

Bjørg Moltu
Fjord bibliotek, avdeling Stordal
E-post
Telefon 41 86 78 33
Iryna Kutsa
Fjord bibliotek, avdeling Eidsdal og Valldal
E-post
Mobil 41 86 78 32