Les 100 bøker før du er 6 år!

"100 bøker før du er 6 år» er ein lesekampanje som oppmodar føresette til å lese saman med barna sine frå tidleg alder. Målet er enkelt: Barna skal få oppleve 100 bøker før dei fyller seks år. Alle barn i førskulealder kan bli med!

Kampanjen handlar ikkje om å lese fort eller prestere, men om å skape leseglede, gode språkopplevingar og hyggelege stunder saman.

Kvifor er lesing viktig?

ein vaksen og tre barn les ei bok. innandørs. - Klikk for stort bileteLeselyst Marte Bjørgum

Dei første leveåra er avgjerande for språkutviklinga til barnet. Når vaksne les høgt, møter barnet nye ord, uttrykk og idear. Samstundes blir fantasien, nysgjerrigheita og evna til å kommunisere stimulert.

Høgtlesing kan bidra til:

  • betre språkforståing og større ordforråd
  • auka konsentrasjon og lytteevne
  • utvikling av fantasi og kreativitet
  • betre grunnlag for seinare lese- og skriveopplæring
  • nære og trygge relasjonar mellom barn og vaksne

Kryss av i bokheftet

Barnet får sitt eige bokhefte der alle leste bøker vert registrert ved å krysse av eller skrive inn tittelen. Bøkene kan vere på norsk eller på andre språk, og både eigne bøker og bibliotekbøker kan registrerast. Målet er å lese 100 bøker før barnet fyller seks år, men det viktigaste er likevel ikkje talet på bøker, men å skape gode lesevanar og positive bokopplevingar.

Hent ditt eige bokhefte

Bokheftet får du gratis på alle biblioteka i Fjord.

Biblioteka våre har også eit stort utval av bøker og kan hjelpe med boktips og anbefalingar for ulike aldersgrupper:

  • peikebøker for dei minste
  • biletbøker
  • eventyr og forteljingar
  • faktabøker

Hent premiar 

For å gjere lesinga ekstra motiverande kan barna få små premiar undervegs i kampanjen. Når barnet har nådd bestemte milepålar, til dømes etter 25, 50 og 75 bøker, får dei premie på biblioteket.

Når alle dei 100 bøkene er registrerte får barnet ein premie for innsatsen og eit diplom som viser at målet er nådd.

Alle barn kan delta

Kampanjen er open for alle barn i førskolealder. Alle startar på sitt eige nivå og kan lese i sitt eige tempo.

Stikk innom biblioteket ditt for å hente bokheftet, registrer bøker og bli med på reisa mot 100 bøker før 6-årsdagen!

dekorativ - Klikk for stort bilete100 bøker før du er 6 år