Inspirasjonskveld for frivillige

Frivillig sektor er ei av dei sterkaste kreftene i lokalsamfunnet vårt. Det er dei frivillige som skapar møteplassar, aktivitet, fellesskap og beredskap. Difor inviterer vi alle dykk som er eller vil bli frivillige i Fjord til inspirasjonskveld på Martin Linge-huset tysdag 3. mars. Vi startar med forfattarmøte med Are Kalvø.

Til alle frivillige aktørar i Fjord 

Vi inviterer dykk til ein inspirasjonskveld der vi både får trimma lattermusklane – og deretter arbeide saman om noko viktig. Kvelden startar med forfattarmøte med Are Kalvø: Berre bønder lengtar heim. Forfattarmøtet er i regi av Litteraturhus Møre og Romsdal, i samarbeid med Fjord bibliotek. Arrangementet er gratis og ope for alle. 

Etterpå vert det kaffimat og arbeidsverkstad for å få innspel til den komande frivilligstrategienfor Fjord.

Når og kvar

Tid: Tysdag 3. mars klokka 18-21. Vi startar med forfattarmøtet.
Ferje frå Eidsdal klokka 17.30, ferje frå Linge klokka 21.30.
Stad: Martin Linge-huset i Valldal, Skulebrauta 46

NB! Inspirasjonskvelden er for alle som gjer ein frivillig innsats i samfunnet vårt, både i regi av eit frivillig lag eller på eige initiativ. Kom gjerne fleire frå same lag. Det er ikkje påmelding.

Kvifor er dette viktig?

Tusen takk for at du er frivillig - Klikk for stort bileteTusen takk for at du er frivillig

Frivillig sektor er ei av dei sterkaste kreftene i lokalsamfunnet vårt. Det er de som skapar møteplassar, aktivitet, fellesskap og beredskap – og det gjer de gjennom mange timar med engasjement og innsats. 
For at strategien skal bli nyttig i praksis – ikkje berre fine ord i eit dokument – treng vi dykkar stemmer, erfaringar og idear. 

Kvifor bør de prioritere å kome?

•    De kan påverke korleis kommunen skal samarbeide med og støtte frivilligheita i framtida
•    De gjer oss betre rusta til å skape eit inkluderande, aktivt og livskraftig lokalsamfunn.
•    De får høyre ein av landets mest folkekjære humoristar.

Velkomne!

Are Kalvø

Arrangør er Fjord kommune/Fjord frivilligsentralar