Det skjer på biblioteket i vår

I april er det mykje som skjer på biblioteka i Fjord. I tillegg til faste aktivitetar som norskprat og seniornett, blir det temakveld, poesikonsert og forfattarmøte.

Norskprat

Bøker i ein stabel - Klikk for stort bilete Fjord kommune

For deg som vil lære å snakke meir norsk.
Uformell sosial møteplass i regi av Røde Kors. Alle er velkomne!

Måndagar kl. 18-20: biblioteket i Valldal
Onsdagar kl. 18-20: bibloteket i Stordal

Seniornett

Seniornett er eit datatilbod til seniorar i Fjord kommune. Det er samling på biblioteket i Valldal annan kvar måndag (oddetalsveker) kl. 10.30-12.30.  Alle er velkomne!

Måndagane 8. april, 22. april, 6. mai.

Dette skjer på biblioteket i Valldal

Tysdag 9. april kl. 18: Med sunnmørsjekta Anna Olava frå Herøy til Valldal

Pilegrimsseglasen frå kyst til fjord i ord og bilde. Vi får besøk av Eileen Gjerde frå Herøy gard og Hans Lennart Sævik frå sunnmørsjekta Anna Olava. Dei fortel og viser bilde frå Herøy gard og pilegrimsseglasen frå kyst til fjord i 2021. 

Tysdag 23. april kl. 18: "Du kan ikke skrive krim fra Møre"

Forfatarprat med Eva Gikling om det å skrive og utgi krim frå Nordmøre.

Onsdag 24. april kl. 19: Noriaki

Forfattar Endre Ruset har hatt stor suksess med poesiboka Noriaki (2017). Saman med musikar Stian Omenås har dei videreutvikla det som starta som ein te-seremoni, til ei bok og eit større univers. I 2023 kom Noriaki ut i plateformat. Møt utøvarane i samtale om prosjektet og høyr dikta i musikkformat.

Tysdag 30. april kl. 18: Det gløymde fjellfolket

Foredrag om dei siste funna i fjella våre. Ved arkeolog Runar Hole og lokalhistorikar Astor Furseth. Høve til å stille spørsmål.

Tysdag 7. mai kl. 12: SOFA

Vekas gjest er ergoterapeut Gry Bente Stranden 

 

Bokbåten

NB! Litteraturbåten Epos skulle kome til Fjord 11. april, men dette er dessverre avlyst på grunn av motorhavari. Båten kjem tilbake i september.