Kven kan få tilbodet?
Du må ha eit særlig behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting eller alder. Behovet vert vurdert etter søknad og det vert fatta vedtak på hjelpa.
Søk om heimehjelp
Om du treng meir informasjon, hjelp til å fylle ut søknadsskjema eller råd med tanke på kva tenester du bør søke på, kan du ta kontakt med tenestekontoret.
Kva kostar det?
Det vert kravd eigenandel for praktisk hjelp i heimen. Betalingssatsane er gradert etter inntekt og vert fastsett av kommunestyret.
Gjeldande satsar for heimehjelp
Kriterium for tildeling
Tenesta kan vere aktuell dersom søkar:
- ikkje er i stand til å ta vare på eigen omsorg
- heilt eller delvis er avhengig av praktisk eller personleg hjelp og støtte til å greie dagliglivets gjeremål
- ikkje heilt eller delvis greier å ta del i oppgåvene
- ikkje har ektefelle eller sambuar eller andre som kan ta vare på oppgåvene
Ved utmåling av tenesta vil det bli tatt omsyn til om det oppheld seg/ bur andre familiemedlemmer i lag med søkar.
Kva skjer vidare?
Søknaden vil bli behandla utan ugrunna opphald, jf. forvaltningslova § 11 a. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad frå mottatt søknad, vil du få eit førebels svar med informasjon om vidare saksbehandling.
Klage
Vedtak om praktisk hjelp i heimen kan påklagast etter Pasient- og brukerrettighetslova §7-2. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen. Dersom du får medhald i ei formell klage på saksbehandlinga, omfang av tenesta eller kvaliteten på den tenesta du har motteke, vert klaga teke til fylgje gjennom eit nytt vedtak.