MOT-bakkeløpet 2023!
Vi har sett datoen for årets MOT-bakkeløp! Søndag 24. september gjentek vi suksessen frå i fjor.
1. oktober 2022 tok 65 store og små turen opp på Mosætra i Stordal. Vi hadde ei mosjonsklasse og ei konkurranseklassa. I mosjonsklassa kunne born og vaksne møte Bestemor Skogmus, Askeladden, Bjørnen som sov, rødhette og kjerringa som hadde satt fast nasen i ein vedstubbe på veg opp. Dette var veldig spennande for dei minste. Halvvegs i løypa var det bensinstasjon med gratis frukt og drops, og på toppen var det sal av kaffi og kaker.
I konkurranseklassa var det Hans Martin Gjedrem som kom først i mål av alle, dermed vann han herreklassa med tida 15:21. Torjus Vad Kirkebøe vann i klassa «herre under 18» på tida 21:50, og Britt Elin Farstad vann i «kvinne over 18», til tida 22:40. Dette er dei offisielle tidene på MOT-bakkeløpet, men det har blitt sprunge fortare opp til Mosætra. Laurdag 3.juni hadde kretslaget i langrenn i Møre og Romsdal samling i Stordal, då sprang Mads Gjethammer frå Molde inn til 13:54 og Ingeborg Synstnes Hole frå Åndalsnes inn til 14:10!
I 2023 blir opplegget nesten den same; ei familieklasse utan tidtaking med spanande skikkelsar langs løypa og ei konkurranseklasse med flotte premiar. I tillegg arrangerer vi ei «kommersklasse»: Dette er ei klasse der ei foreining kan melde seg på og vere kreativ i utsjånad eller korleis dei kjem seg opp. Vinnaren her blir kåra av ein jury og det vil vere ei pengegåve som går til foreininga.
Legg inn MOT-bakkeløpet i kalenderen no!
Helsing MOT i Fjord
Robin og Maria