Julefest på Valldal skule
Tysdag 16. desember var det tid for den årlege julefesten på Valldal skule. På programmet stod det både song og dans og møte med snikkar Andersen. Småskulen ønskjer god jul!
Småskulen sin julefest
Tysdag 16. desember var søsken, foreldre og besteforeldre invitert til den årlege julefesten på Valldal skule. Småskulen hadde øva inn eit variert program med fleire songar, dans og dramatisering av “Snekker Andersen og julenissen”.
Elevane imponerte med å ha god kontroll på tekst og framføring. Det er tydeleg å sjå at elevane koser seg med å underhalde gjestane sine.
Mat og prat og julestemning
Etter programmet var det tid for mat og prat rundt borda. Det var kjekt å møtes, det kunne vi sjå og høyre på den gode stemninga rundt omkring i lokala. For elevane, og lærarane, var det veldig kjekt med mange gode og positive tilbakemeldingar på programmet. Ein fin kveld med flinke elevar og lærarar.
God jul til alle frå oss på småskulen!
Publisert 19.12.2025 14.02
Sist endra 19.12.2025 14.05