Digitale foreldremøte

Ålesund kommune tilbyr digitale foreldremøte for å gjere det enklare for føresette å halde seg oppdatert og engasjert i barna si utvikling. Vi oppfordrar alle med barn i barnehage- og grunnskulealder i Fjord til å delta på møta. 

Viktige og universielle tema

Møta tar for seg viktige og universelle tema, som kan vere aktuelle for alle føresette til barn og ungdom, frå barnehagealder til ungdomsåra. Vi set difor stor pris på at Ålesund kommune deler arbeidet sitt med nabokommunane slik at også vi som bur i Fjord kan få lære av dette. Vi oppfordrar alle føresette med barn i barnehage- og grunnskulealder og andre interesserte til å sjå møta. 

Det er totalt fire møte i løpet av 2025, og dei har ulike tema; skjermbruk, ungdomstid, kultur, hatprat og mobbing.

Skjermbruk er tema for første møte

Det første digitale foreldremøtet vart sendt 13. mars med tema skjermbruk og informasjon og råd til foreldre i ei digital verd. Målgruppa for dette møtet er føresette med barn i barnehage- og barneskulealder.  

Skjermbruk, nett og mobil er aktuelle tema som mange er opptatt av og som det blir snakka mykje om. For mange barn og unge er det ein positiv del av kvardagen, men det er også utfordrande å navigere i kva som er rett og galt både for barn, unge og vaksne.  

Tala nedanfor viser oss at det er viktig å snakke med barna om skjermbruk og at føresette søker kunnskap og snakkar saman om det i foreldregruppene.  

Tal frå Medietilsynet 

  • 50 prosent av alle 1-5 åringar har tilgang til nettbrett
  • 51 prosent av alle 9- åringar har profil på sosiale media  

Tal frå Ungdata junior-undersøkinga 2024 i Fjord

  • Om lag halvparten av barna i 5. - 7. klasse brukar tre timar eller meir framfor ein skjerm ein vanleg dag etter skulen. Tala for Fjord samsvarar med landsgjennomsnittet. 
  • 41 prosent av barn i 5. - 7. klasse i Fjord brukar minst ein time på sosiale medium kvar dag. Tala samsvarar med landet elles.
  • Om lag halvparten av barna i 5. - 7. klasse har opplevd negative hendingar på nett eller mobil. Dette er ein del høgare enn i landet elles.

Korleis delta i møtet?

Foreldremøta er digitale og du kan sjå dei på  Ålesund kommune sin YouTube-kanal. Opptak er tilgjengeleg i etterkant. Klikk på lenka under for å sjå sendinga.

Har du spørsmål?

Nokre gongar kan foreldre og føresette ha behov for å samarbeide med fagpersonar i kommunen. I dei siste minutta av foreldremøtet vil Ålesund kommune sitt tilbod familiestøtte bli presentert. I Fjord kommune vil tilsvarande tilbod vere psykisk helsesteneste for barn og unge. På nettsida vår finn du meir informasjon om tenesta: Psykiske helse for barn og unge i Fjord

Lenker

Digitale foreldremøte i Ålesund kommune.

Nettvett for barn og unge - Redd Barna

NOU 2024: 20 «Det digitale (i) livet, Balansert oppvekst i skjermenes tid» - Skjermbruksutvalgets råd

Livet & sånn - opplæring i folkehelse og livsmeistring - temamøte