Lytt til offentlege kjelder
Fjord kommune har som mål at du skal få all relevant informasjon om ei krise som gjeld oss på våre nettsider. Vårt råd er derfor å alltid gå til fjord.kommune.no om ei krise oppstår.
Informasjon herifrå vil vi dele i og med andre kanalar. Sentralt her er Facebook, redaktørstyrte medier og brukarsystem (som skule- og barnehageportalen IST Home).
Varsling på SMS frå kommunen
Når viktig informasjon må ut raskt, vil Fjord kommune sende deg eit varsel på sms.
Adressebasert varsling kan til dømes skje ved evakuering, når du må koke vatnet eller ved vassbrot.
Eg får ikkje varsel?
Det kan vere fordi telefonnummeret ikkje er registrert på rett adresse. Det kan skje om du har telefon som er registrert på arbeidsgjevar eller bur på ei anna adresse enn der telefonen er registrert.
Les meir om befolkningsvarsel, og korleis du kan sjekke at du er registrert.
Flyalarm (tyfon)
Sivilforsvaret har sireneanlegg (tyfonar) for varsling av befolkninga ved akutt fare. I fredstid kan slik varsling vere aktuelt ved gassutslepp frå industri eller dambrot i vassmagasin. I krig kan varslingsanlegga brukast ved fare for flyangrep. Varslingen oppfordrer om å høyre på NRK radio P1. Les meir om Sivilforsvaret si varsling av befolkninga.
Nødvarsel på mobil
Nødvarsel er ei teneste frå norske styresmakter. Ved ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse, kan du få eit nødvarsel til mobiltelefonen din. Det føreset at du har 4G- eller 5G-dekning.
Les meir på nordvarsel.no.
Dersom internett og telefon ikkje fungerer
Ved straumbrot eller manglande nettilgang er det viktig å vite kvar du får informasjon frå kommunen, og kvar du kan melde frå om du treng hjelp. NRK P1 er beredskapskanal og kommunen vil kunne bruke denne til informasjon til innbyggarane.
Når kriseleiinga bestemmer det, blir informasjonspunkta aktivert. Der kan du få informasjon og hjelp.
Her finn du informasjonspunkta ved kriser:
Kjellaren på omsorgsbustaden i Eidsdal
Nærbutikken i Norddal
Arbeidsstova på sjukeheimen i Valldal
Nærbutikken i Tafjord
Stordalstunet, dagsenteret
Overøye – Stolen pub
Informasjonspunkta vil verte merka med skilt ved inngangen:

Meir informasjon