Bilde frå folkemøte i Eidsdal
Dato: 20. mai 2026
Tidspunkt: Kl. 10.00 - 16.00 (sjå program)
Møtestad: Martin Linge-huset
Levekårsplan og heilskapleg analyse
Kommunen arbeider med Levekårsplan som skal ut på høyring i juni.
20. mai skal vi samlast til arbeidsverkstad med fokus på framtidig utvikling, berekraftige tenester og førebyggande arbeid.
Ønska resultat
Verkstaden skal gje felles forståing av utfordringsbildet kommunen står i, og legge grunnlaget for tydelege politiske prioriteringar og god kommunikasjon.
Resultat av verkstaden skal brukast til å få ferdig utkast til Levekårplan.
Førebuingar til arbeidsverkstaden
For å sikre at vi har eit felles kunnskapsgrunnlag er det viktig at alle førebur seg godt til arbeidsverkstaden. Dette gjer de ved å lese gjennom dokumenta “Heilskapleg analyse” (både kort og lang versjon) og “Utkast Levekårsplan”, og sjå film om førebygging og folkehelse som de finn lenger nede i artikkelen.
Det er viktig å presisere at Utkast Levekårsplan med tiltak kun er lista opp som forslag til diskusjon. Vi har ikkje fasiten no, men vi skal saman jobbe oss fram til ei klok retning for utvikling av Fjord kommune, både når det gjeld tenesteyting/førebygging og når det gjeld heilskapleg samfunnsutvikling.
Førebuingsarbeid i partia, ansvar gruppeleiarar:
Vi ber om at alle partigruppene førebur seg og gjer seg nokre felles refleksjonar om “Heilskapleg analyse” og “Utkast Levekårsplan” før arbeidsverkstaden. Sjå gjerne også på spørsmåla til gruppearbeid og dialog som står i køyreplanen under.
Kommunedirektøren stiller seg til disposisjon og kan møte i dei ulike partia sine møter før arbeidsverkstaden.
Viktige vegval
Verkstaden tek utgangspunkt i heilskapleg analyse, og ser på behov for tenestedreiing, økonomiske prioritering og lokalsamfunnsutvikling opp mot Levekårsplanen som er under arbeid.
Fjord kommune står framfor viktige vegval i åra som kjem. Endringar i befolkningssamansetning, knappare tilgang på arbeidskraft og aukande behov for tenester innan pleie og omsorg gjer det naudsynt å:
- tenke meir langsiktig
- arbeide meir førebyggande i samskaping med lokalsamfunnet
- bruke ressursane meir effektivt
- arbeide meir heilskapleg og tverrfagleg
Livsløptrappa

Fjord har utarbeidd si eiga Livsløptrapp som blir sentral i tenestedreiinga og kommunikasjonen framover. Målsettinga er at flest muleg skal vere på dei lavaste trinna.
Program
1000 – 1010 Innleiing v/ordførar
1010 – 1020 Innlegg Statsforvaltar / Distriktssenteret
1020 – 1200 Gruppearbeid og dialog – Heilskapleg analyse – tenestedreiing
- Korleis skal kommunen etablere ei drift som er økonomisk berekraftig – og samtidig sikre økonomisk handlingsrom til investeringar som er naudsynte for å møte dei utfordringane som kjem?
- Korleis skal kommunen gradvis flytte ressursar frå institusjonsbaserte tenester mot heimetenester, førebygging og eigenmeistring — slik Telemarksforsking-analysen og livsløpstrappa peikar mot?
- Korleis rigge kommunen for å arbeide meir fleksibelt, tverrfagleg og heilskapleg – både administrativt og politisk?
• Dialog og oppsummering
1200 – 1230 Lunsj
1230 – 1240 Unge MOTivatorar
1240 - 1530 Gruppearbeid og dialog – Langsiktige grep Levekårsplanen
- Kva langsiktige grep skal kommunen ha på dei fire stega i Livsløptrappa?
Dei langsiktige grepa vert styringssignal for operasjonalisering i handlingsplanen som vert budsjett og økonomiplan.
• Dialog og oppsummering
1530 – 1600 Oppsummering av dagen, og vegen vidare v/ordførar
Dokument
Heilskapleg analyse, kortversjon (PDF, 461 kB)
Heilskapleg analyse, full versjon (PDF, 3 MB)
Utkast Levekårsplan - tiltak er kun lista opp som forslag til diskusjon (PDF, 3 MB)
Film
Sjå filmen om førebygging og folkehelse (04:28) og gjer deg opp tankar om bodskapen i filmen