Dialogmøte med eldrerådet

Eldrerådet kom med mange gode innspel til korleis ein kan skape engasjement rundt prosessane som startar opp til hausten.

Forsamling rundt eit bord - Klikk for stort bilete

Det var dialogmøte på rådhuset 16. juni. Først hadde kommunedirektør ein gjennomgang av utfordringane som møter oss i nær framtid. Færre yrkesaktive og fleire eldre inneber ei endring av tenestetilbodet, og fleire må klare seg sjølv lenger.

På plansida er det også mykje som skal skje. Kommunen skal utarbeide sin første Levekårsplan, og kommunestyret har vedteke to strategiar som iverksettast.

Eldrerådet kom med mange kontruktive innspel til korleis vi kan få til god medverknad. Vi takkar for engasjementet, og vil ta med innspela når planen skal leggast for medverknad framover.