Vinnar av Drømmestipendet
Vi gratulerer Solveig Eide Grønningsæter frå Eidsdal som ein av femti vinnarar av Drømmestipendet 2024.
Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd. Stipendet skal gi verdifull inspirasjon og anerkjennelse, og bidra til at unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år får oppfylt draumane sine. Det var 544 unge talent som var nominert til Drømmestipendet 2024.
Solveig Eide Grønningsæter (21) er tidlegare elev i Fjord kulturskule og ho har vore med på mange ulike kulturarrangement i kommunen. I dag er ho student ved Ole Bull Akademiet på Voss, der ho tar ein bachelor i utøvande folkemusikk.
Les meir om Solveig og dei to andre frå Møre og Romsdal som fekk Drømmestipendet 2024.
Publisert 01.02.2024 14.37