Vil du vere møtefullmektig i forliksrådet?

Fjord kommune er på jakt etter deg som kan møte på vegner av ein part som har ei sak under behandling i forliksrådet.

Kva er forliksrådet?

Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og er ein meklingsinstitusjon med avgrensa domsmakt.

Ved kvart forliksråd skal det vere eit utval av faste møtefullmektigar for forliksrådet. Tal på medlemmar i utvalet vert tilpassa saksmengda i forliksrådet og innbyggartalet i kommunen. Møtefullmektigane vert oppnemnt av kommunen kvart fjerde år og har funksjonstid like lenge.

Det er felles forliksråd for kommunane Ålesund, Haram, Giske og Fjord. I perioden 2021-2024 har vi hatt fem faste møtefullmektigar, men for perioden 2025-2028 treng vi fleire.

Kva gjer ein møtefullmektig?

Ein møtefullmektig representerer ein part som ikkje kan møte opp i forliksrådet sjølv. Møtefullmektigen framfører argumenta i saka på vegner av parten dei representerer og kan inngå forlik etter fullmakt frå parten.

Ein møtefullmektig representerer kun den parten som oppdraget kjem frå, og skal i den enkelte saka vere uavhengig av andre interesser enn denne parten sine.

Kven kan bli møtefullmektig? 

For å bli møtefullmektig må du vere over 25 år, ha alminneleg god kunnskap om samfunnet og beherske norsk skriftleg og muntlig. Du treng ikkje bu i kommunen.

Godtgjering

Som møtefullmektig får du godtgjering for arbeidet.

Maksimal godtgjering til møtefullmektig tilsvarar maksimalsatsen for møtegodtgjøring i samsvar med tvistelova § 6-13 første ledd bokstav c og bokstav e. Godtgjeringa vert dekka av vedkomande part. 

Meld di interesse

Synes du dette er interessant? Då kan du søke her. Skjema er hos Ålesund kommune.

Søk om å bli møtefullmektig

Frist

Fristen for å søke for perioden 2025 —2029 er 10. februar 2025.

Vil du vite meir? 


Har du spørsmål, ta kontakt med Alexander Oudijk.

Alexander Oudijk
Konsulent
E-post
Telefon 41 86 78 22