Vil du vere lærling hos oss?
Fjord kommune har ledige læreplasser frå august 2026.
Aktuelle lærefag
- Barne- og ungdomsarbeiderfaget
- Helsearbeiderfaget
- Ernæringskokkfaget
Søknadsfrist er 2. mars.
Søk læreplass i Fjord kommune her.
For meir informasjon, sjå nettsida til Sunnmøre kommunale opplæringskontor.
Du er uansett fagområde velkomen til å ta kontakt og høyre om mulegheitene for å få lærlingplass i kommunen. Kommunen vil vere behjelpeleg med å finne bustad.
Du har stor sjanse til å få fast jobb i kommunen etter endt læretid og oppnådd fagbrev.
Lærlingplass i Fjord kommune gir deg:
- Løn under utdanning
- Relevant fagopplæring
- Verdifull arbeidserfaring
- Erfarne rettleiarar
- Erfaring frå ulike arbeidsplassar
- Mulegheit for lån/stipend i Statens lånekasse
- Mulegheit for fast stilling etter oppnådd fagbrev
Ta kontakt med personalsjef for ein uformell prat.
Publisert 27.01.2026 11.00
Sist endra 27.01.2026 11.06