Vil du bu godt – no og i framtida?

Vi ønskjer å møte deg som har tankar om framtidig bustad, og kjem på besøk til di bygd med det første. Møtepunkt på daglegvarebutikkane 2.-5. februar - stikk innom!

Illustrasjon - Klikk for stort bilete

Innbyggjarundersøkinga vår viser tydeleg at mange går med bustaddraumar. Unge ønskjer å kjøpe sitt eige hus – og svært mange drøymer om småbruk eller gardsbruk. Samtidig ser vi at dei som har kome litt lenger i livet ofte vurderer leilegheit, enten for kjøp eller leige. Nokre er nysgjerrige på bokollektiv, og fleire peikar på at dagens bustad kan vere lite eigna for framtidige behov. Samstundes er nokre usikre på lån og mulege støtteordningar.

Du kan sjå oppsummering frå innbyggjarundersøkinga her (PDF, 298 kB).

Undersøkinga vil vi ta med inn i arbeidet med Levekårsplanen som er under utarbeiding.

Prosjektleiar Hus kjem innom butikken i bygda di

Nærbutikken i Norddal - måndag 2. februar kl. 1100  - 1200
Coop Eidsdal - måndag 2. februar kl. 1230 - 1330
Joker Stordal - tysdag 3. februar kl. 1100 - 1200
Coop Stordal - tysdag 3. februar kl. 1230 - 1330
Bunnpris Valldal - onsdag 4. februar kl. 1100 - 1200
Spar Valldal- onsdag 4. februar kl. 1230 - 1330
Nærbutikken i Tafjord - torsdag 5. februar kl. 1100 - 1200

Stikk innom butikken og ta ein prat med prosjektleiar Are Leira.  Aktuelle tema kan vere:

Tilrettelegging i eigen heim
Kanskje treng du små eller store endringar for å bu trygt og komfortabelt vidare? Vi gir tips om moglege løysingar.

Bustadrådgjeving ved kjøp eller leige
Vi kan hjelpe deg å sjå kva som passar dine behov og kva du bør tenke på i prosessen.

Mulege støtteordningar frå Husbanken
Det finst fleire ordningar – både ved tilrettelegging, kjøp og i enkelte tilfelle leige.
Prosjektleiar forklarer kva som kan vere aktuelt for deg, og korleis du søker.

Are Sveinung Leira
Prosjektleiar HUS
E-post
Telefon 97 41 88 38