Vi får nytt biblioteksystem - stengt veke 41-43

Vi får nytt biblioteksystem i haust. Innføringa er krevande og biblioteka blir dessverre stengt også i veke 43.

Nytt system

Fjord bibliotek skal saman med fleire andre bibliotek i fylket over på nytt biblioteksystem.  Det nye systemet heiter Cicero og er allereie i bruk hos fleire folkebibliotek og skulebibliotek rundt om i landet. 

Vi ber difor lånarane våre levere inn bøker som dei er ferdige med så snart som mogleg på grunn av registrering i det nye systemet.

Stengt i veke 41-42 - og 43

Når samlinga vår skal overførast frå det gamle til det nye systemet må vi halde stengt ein periode. Alle dei tre avdelingane i Fjord bibliotek blir difor stengt i haustferien 6. - 10. oktober (veke 41) og i veke 42. Så snart alt fungerer slik som det skal opnar vi opp att. Erfaring frå andre bibliotek viser at det kan ta to inntil veker før datasystema fungerer slik dei skal.

Oppdatering 15. oktober: Innføringa er krevande og biblioteka blir dessverre stengt også i veke 43.

Viktig melding til deg som har aktiv lånehistorikk

Lånehistorikk betyr at alle bøkene du har lånt på biblioteket i Fjord ligg lagra i ei liste. Dette gjeld frå og med den dagen denne funksjonen vart aktivert. Det vil dessverre ikkje bli mogleg å overføre denne historikken frå noverande system og over til det nye. Kom difor innom oss før 3. oktober dersom du vil ha ei utskrift av boklista di.


Vi ser fram til å ta i bruk eit nytt og oppdatert biblioteksystem som vi trur vil fungere betre både for oss og lånarane.
 

Fjord bibliotek
Valldal
Mobil 41 86 78 32