Nesplassen naturreservat nordvest for Stordal sentrum blei verna i 2003. No er forslag om utvida grense og fornya forskrift på høyring med frist 3. januar 2025.
Nesplassen
Nesplassen naturreservat blei verna i 2003 for å ta vare på ein av dei best utvikla askeskogslokalitetane i fylket med det naturlege plante- og dyrelivet. Området har betydning for biologisk mangfald og inneheld trua og sjeldne naturtypar.
Frivillig skogvern
Utvidinga er tilbydd av grunneigarane etter ordninga for frivillig skogvern. Området har eit areal på ca. 1.702 daa og er ei direkte utviding av eksisterande naturreservat. Utvidinga inneheld naturtypar som rik edellauvskog og kalkfuruskog. Utvidinga er i alle retningar for eksisterande verneområde og vil forsterke kvaliteten for heile skogsområdet med storleik og variasjon.
Formål
Hovudformålet med vern er å sikre biologisk verdfulle skogsområde som ein del av naturarven.
Høyring
Les meir om høyringa og innsending av merknadar på Statsforvaltaren si nettside.
Frist
3. januar 2025
Publisert 08.11.2024 11.42
Sist endra 08.11.2024 11.47