Prosjekt Leve heile livet i Fjord inviterer til kulturkafe rundt om i bygdene våre. Fredag 26. september blir det kinopremiere med “Blücher”.
Blücher - seniorkino med premierefest
Bygdekinoen viser Blücher - filmen om eit nervepirrande historisk drama om eit avgjerende augeblikk i Norges historie – og éin manns modige val då landet sto på randen av krig og okkupasjon
Vi inviterer til premierefest med raud løpar og enkel servering fredag 26. september frå klokka 14. Filmen vert vist klokka 15.
Stad: Martin Linge-huset i Valldal
Påmelding til kino
NB! Seniorkino er gratis, men vi treng å vite kor mange som kjem. Påmelding på skjema nedanfor eller til Bjørg på telefon 90529164.
Kulturkafe er ope for alle
Prosjekt Leve heile livet i Fjord inviterer til kulturkafe. Kulturkafe er gratis og ope for alle. Ta gjerne turen til nabobygda! Det blir enkel servering. Gratis skyss. Kulturkafe er finansiert med midlar frå Helsedirektoratet.
Fleire hendingar
Tysdag 14. oktober klokka 15: Seniormiddag - Stordalshallen
Måndag 24. november klokka 14: Vegen som vart min - Oddgeir Bruaset. Valldal.
Publisert 17.09.2025 15.43
Sist endra 17.09.2025 16.05