Velkomen til opningsmarkering og ferjedåp

Onsdag 2. oktober inviterer Møre og Romsdal fylkeskommune til ein festdag for å markerer at dei nye ferjekaiene i sambandet Eidsdal–Linge er ferdigstilte. Det blir også dåp av ferjene MF Norddalsfjord og MF Sunnylvsfjord.

Invitasjon til opningsmarkering for nye ferjekaier

Møre og Romsdal fylkeskommune har gleda av å invitere til opningsmarkering for dei nye ferjekaiene i sambandet Eidsdal–Linge- Markeringa vert på Linge ferjekai onsdag 2. oktober frå klokka 14. Det blir snorklipping, taler og musikalske innslag. I teltet på kaia blir det servering av kaker, kaffi, svele og brus

Fylkeskommunen håpar at du vil vere med å feire dåpsfest, nye ferjekaier og nytt miljøvennleg ferjetilbod på Linge ferjekai denne dagen.

ferje, skog, sjø, grønt - Klikk for stort bileteMF Norddalsfjord

Ferjedåp og visningstur

Opninga blir del av ein flott festdag på kaia, der Fjord1 også skal døype ferjene  MF Norddalsfjord og MF Sunnylvsfjord. Dei inviterer publikum til ein spennande visningstur med MF Norddalsfjord klokka 15.35.

Program for dagen på Linge ferjekai

Kl. 14.00            Dåpsseremoni for MF Sunnylvsfjord
Kl. 14.40            Opningsmarkering for dei nye ferjekaiene med snorklipping, talar og musikalsk innslag
Kl. 15.10            Dåpsseremoni for MF Norddalsfjord
Kl. 15.35            Visningstur med MF Norddalsfjord

Parkering

Dei som kjem med bil vert oppmoda om å parkere langs oppstillingsfeltet oppe på fylkesvegen.

Velkomen!

Møre og Romsdal fylkeskommune opnar dei nye ferjekaiene på Linge

 

sjø, skog fjell, grøn mark, ferge, snø - Klikk for stort bileteEidsdal ferjekai