Varslingsprøve 11. juni

Onsdag 11. juni klokka 12 vert det test av Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over heile Norge i ei felles nasjonal varslingsprøve.

Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgtlydsignal. Samstundes vil tyfonane ule med lydsignalet  “Viktig melding – søk informasjon”.

Del gjerne informasjon om varslingsprøva med dine nærmaste, slik at flest mogleg er førebudd og veit at dette berre er ein test.

Kven får testen?

Testen går ut over mobilnettet i heile landet. Alle nyare og oppdaterte mobiltelefonar og einingar som er i Norge og som er kopla på 4G/5G kan motta testen.

Meir informasjon om nødvarsel og kvifor dette blir testa finn du på nettsida nødvarsel.no