Varsel om planlagt arbeid på vassverket
Ytterdal Nye Vassverk SA melder at dei vil gjennomføre naudsynt arbeid på reinseanlegget laurdag 11. april. Tilgangen til reinsa vatn bli stengt i ein periode for abonnentar.
Gjeld abonnentar i Eidsdal
Det vert gjennomført naudsynt arbeid på reinseanlegget. Dette gjeld for abonnentar i området Kilsti, Oggarden til Eidsdal sentrum. I denne perioden vil tilgangen til reinsa vatn bli stengt.
Tidspunkt
Laurdag 11. april klokka 11-14.
Viktig informasjon til abonnentar
Det må ikkje brukast vatn i perioden. Vi anbefaler å stenge hovudkrana. Sørg for å ha nok vatn til drikke og naudsynt bruk på førehand. Dette er for å unngå kokevarsel, unødvendige vassprøver og problem med luft i leidningsnettet etter arbeidet.
Vi beklagar ulempene dette medfører, og takkar for forståinga.
Ved spørsmål, ta kontakt med Ytterdal Nye Vassverk SA ved styreleiar Karl Petter Stenvåg på telefon 99366576
Publisert 31.03.2026 12.29
Sist endra 31.03.2026 12.40