Vår og dugnad

Sjølv om veret i forkant ikkje var det beste, var humør og innsats på topp då Sansehagegruppa tirsdag inviterte til dugnad i Valldal.

Blide personar smilar mot kamer attmed blomsterbed - Klikk for stort bilete

Dette er eit flott vårteikn som vi set veldig pris på.  
Frivillige gjer ein stor innsats for at uteområda både i Valldal, Eidsdal og Stordal skal vere innbydande og trivelege for bebuarar og andre som ferdast i området.  

Dei blide hjelparane i Valldal står som gode representantar for dugnadsgjengane som vi ønskjer å rette ein stor takk til.