Vanskar med å ringe legevakta

Statusoppdatering kl 1924

Feilen er no retta, og ting skal fungere som normalt.

———
Det er problem med telefonnettet og vanskar med å kome fram til legevakta. 

Telenor har problem med nettet og det er ikkje alle telefonar som kjem fram til legevakta.

Får du ikkje svar, så prøv igjen.

Du kan også berre møte opp.

Det er også problem med 113 i Møre og Romsdal. Nokon kjem igjennom og andre ikkje. Hvis du ikkje får svar på 113, så prøv igjen - eller reis direkte til legevakt eller akuttmottak på ditt næraste sjukehus.

Vi kjem med oppdatert informasjon etterkvart.