Tema: Verdiskaping med bakgrunn i folketradisjon
Konferansen går over to dagar og byr på tema som tradisjonsstrikk, klosterbesøk, konsert, “Arven frå Nikka”, avduking av milestein, lokalmat, fokus på frivilligheit, natur- og verneverdiar, pilegrimsleia og nasjonaljubileet Valldal 2029.
Torsdag 3. oktober: verdiskapingsseminar
Torsdag ettermiddag blir tema pilegrimsstrikk og lokale Olavstradisjonar.
Klokka 17.30 startar kveldsarrangementet, og vi får blant anna presentasjon og smaksprøver frå to dyktige lokale produsentar; Valldal Safteri og Lingebakken Frukt og Sider. Kvelden avsluttar vi med ein flott konsert i Sylte kyrkje.
Fredag 4. oktober: konferanse
Moster 2024 kjem til oss og vil dele av sine erfaringar frå årets jubileumsarrangement. DNT Sunnmøre og Reinheimen Nasjonalpark set sitt søkelys på arbeidet med Valldalsleia. Vi får også engasjert innlegg frå Pilegrimssenter Dovrefjell og erfaringar frå det fantastiske Herøyspelet. Og sjølvsagt inga konferanse utan spennande nyheiter, så vi håper du har sett av tid i kalenderen! Lunsjen blir presentert og levert av Heilage Olav restaurant som til dagleg er å finne ved Valldal Fjordhotell.
Praktisk informasjon
Valldalsleia-konferansen startar med verdiskapingsseminar torsdag ettermiddag/kveld. Dette vert på ulike stadar, sjå programmet for detaljar.
Fredag klokka 09-15 vert det konferanse med ulikt fagleg innhald på Martin Linge-huset i Valldal.
NB! Parkering på baksida av huset.
Startpunktet for ValldalsleiaDet vert servert mat.
Konferansen er gratis og open for alle.
Om du treng overnatting kan du bestille det hos Sylte Hotell eller Valldal Fjordhotell.
Påmelding
På grunn av matbestilling så treng vi å vite kor mange som kjem innan 30. september.
Meld deg på Valldalsleia-konferansen
Program
Detaljert program for Valldalsleia-konferansen 2024 (PDF, 2 MB)