Vaksinering 2025

Hausten 2025 er det oppstart av eit nasjonalt vaksinasjonsprogram for vaksne. 

Kven bør ta vaksine og kva vaksine kan du ta?

  • Vaksenvaksinasjonsprogrammet er retta mot deg som er 65 år og eldre og deg som er yngre og tilhøyrer ei risikogruppe.
  • Vaksinane som inngår i programmet er koronavaksine og influensavaksine. Koronavaksine er anbefalt for dei som er 75 år og eldre, samt barn og vaksne i risikogrupper. 
  • I tillegg inngår pneumokokkvaksine for deg som er fødd i 1960.
  • Informasjon om vaksinasjonsprogrammet for vaksne.

Tid og stad for influensa- og koronavaksine

Vaksinering for vaksne i risikogrupper. Du treng ikkje bestille time, det er berre å møte opp.

Tid og stad for influensa- og koronavaksine 2025
DatoKlokkeslettStad
Tysdag 28. oktober17-20Valldal legekontor
Tordag 30. oktober17-20Stordal legekontor
Tysdag 4. november17-20Valldal legekontor

For deg som er født i 1960

Alle som fyller 65 år i 2025 får også tilbod om pneumokokkvaksine gjennom vaksenvaksinasjonsprogrammet. Ta kontakt med legekontoret for avtale. Telefon 41867850.

Pris på vaksine

Pris på vaksine
VaksinePrisPris for samvaksinasjon
Influensa300
Korona11085
Pneumokokk11085

Barn og ungdom under 18 år

Ta kontakt med legekontoret for avtale om vaksine for barn og unge.

Koronavaksinasjon av barn i alderen 6 månadar til 11 år bør vurderast individuelt av lege før vaksinasjon.