Utvida skjenketid under VM

Fjord kommunestyre har vedtatt at det blir gitt løyve til mellombels utvida skjenketid for alkoholholdig drikk i samband med fotball VM for herrar 2026.

Mellombels utvida skjenketid under fotball-VM

Det er lagt til eit nytt punkt 5. 10 i dei alkoholpolitiske retningslinjene for Fjord:

Løyvehavarane kan ha utvida skjenketid under fotball-VM 2026. Ordninga er mellombels og gjeld i perioden 11. juni – 19. juli 2026. 

Følgjande vilkår gjeld:

  • Utvida skjenketid for alkoholhaldig drikk gjeld fram til kl. 06.00, med tilsvarande opningstid.
  • Ordninga omfattar berre drikke i gruppe 1 og 2 (2,5–22 volumprosent alkohol).
  • Utvida skjenketid gjeld berre for skjenkestader som viser direktesending av VM-kampar
    innandørs og som har serveringsløyve, tilstrekkeleg med tilsette og godkjent vakthald.
  • Utvida skjenketid gjeld ikkje utandørs.

Vi viser elles til høyringsnotatet frå Helse- og omsorgsdepartementet og informasjonen om ordninga som kjem fram der er gjeldande for Fjord kommune. 

Merk!

Dei som har skjenkeløyve kan innrette seg etter dei nye retningslinjene og treng ikkje søke om utvida skjenketid.

Lenker

Servicetorget Kundemottak
E-post
Telefon 41 86 78 00