Utlegging av manntal til offentleg ettersyn
For å kunne røyste ved valet i haust må du stå i manntalet i kommunen. Du blir innført i manntalet i den kommunen Folkeregisteret har registrert deg som busett per 30. juni i år.
Dette vil seie at dersom du melder flytting til annan kommune etter 30. juni i valåret, vil du vere innført i manntalet i den kommunen/valkrinsen du flyttar frå.
Du har røysterett ved stortingsvalet dersom du:
- er norsk statsborgar
- har fylt 18 år innan utgangen av 2025
- er, eller har nokon gong vore, folkeregisterført som busett i Norge
Har du budd i utlandet i meir enn 10 år blir du innført i manntalet i den kommunen du budde i på det tidspunktet du flytta ut, når du røystar. Flytter du tilbake til landet etter 10 år, blir du ført inn i manntalet i den nye kommunen du blir folkeregistrert i som busett.
Manntalet ligg ut til offentleg ettersyn frå ca. 14. juli 2025 fram til valdagen på desse stadene:
- Rådhuset i Valldal
- Kommunehuset i Stordal
- Joker Stordal
- Coop Marked Eidsdal
Søknad om innføring i manntalet, eller klage på feil eller manglar sendast til:
Fjord valstyre
Postboks 144
6211 Valldal
Du kan også kontrollere om du er innført i manntalet ved å ringe 418 67 800, eller kontakte oss på e-post: post@fjord.kommune.no.
Fjord valstyre
Publisert 11.07.2025 12.55
Sist endra 11.07.2025 12.56