UngMOTivator

Fredag 7. februar var det internkurs for ungMOTivatorane i Fjord kommune. 

Gruppebilde - Klikk for stort bileteÅrets ungMOTivatorar: f.v. Ingrid, Tora, Olea, Inga-Oline, Vilde og Ea

Gjennom MOT-øktene på ungdomsskulane i Valldal, Eidsdal og Stordal, kan elevane i løpet av 9. klasse få søkje om å bli ungMOTivator. 

Det er berre nokre få som blir plukka ut, og det er ungdomar som viser ei ekstra god haldning til MOT sine verdiar; MOT til å bry seg, leve og sei nei. 

Desse ungdomane skal vere ekstra flink til å fremme MOT sitt bodskap blant elevane på skule. Dei skal også vere med å hjelpe til med arrangementa "MOT til 1.mai", "MOTbakkeløpet", "MOT til å glede-dagen" og med HEI-kampanjen. I tillegg til dette så skal dei ha eigne MOT-økter for 6-7. klassingane ved sin skule. Ein stor og viktig jobb for flinke ungdomar!