Ungdomar i teneste for Fjord kommune

Kommunen har kvar sommar god hjelp av flinke ungdommar som bidreg til at vi klarer å levere tenester gjennom sommarane på Tafjordbadet og innan pleie og omsorg.

I år har vi i tillegg prøvt ut eit nytt opplegg, og tilbudt sommarjobbar til ungdom mellom 15 og 17 år i to veker innan dei fleste tenesteområda i kommunen. Då søknadsfristen var ute var det 20 søkjarar. Alle fekk jobb, og dei har kunne ønskt seg ulike stader i kommuneorganisasjonen - SFO, barnehage, reinhald, omsorgstenester og teknisk.

Nedanfor får du helse på nokre av dei som er nye i arbeidslivet, men også nokre som har erfaring gjennom fleire år med sommarjobbar.

Person smiler mot kamera - Klikk for stort bilete

 

Namn: Leah Bjørnes
Alder : 18
Skule: Startar i august på VGS-3
Sommarjobb: Kjøkkenassistent

Kva jobbar du med Leah?
«Eg jobbar på kjøkkenet på institusjon i Valldal. Oppgåver eg har er å lage frukost til bebuarane, ta oppvask, lage kaffimat (bakst), servere middag og vaske og rydde kjøkkenet. Kollegaene er veldig hyggelige. Tida går så fort. Eg blir møtt med eit smil kvar dag.»

Du treff bebuarane også?
«Og ja! Eg hjelper til med servering av maten og eg synest det er fint å få eit innblikk i livet til dei som bur her. Eg kan få inn fleire små samtalar på ein dag, noko som er givande.»

Korleis hamna du på kjøkkenet? 
«Eg har søkt generelt om sommarjobb i kommunen, men fekk plassen her då eg fortalte om mi erfaring. På Stranda har eg jobba på Esso, på kafé og som servitør.»

Pendlar du til jobb?
«Nei, eg bur med søstera mi og hennar familie på gard. Innimellom tek eg ein tur heim til Stranda. Men eg bur i Bergen».

Kva gjer du i fritida?
«Arbeidstida er fin slik at eg har ein lang kveld etter jobb. Elles er det kjekt å hjelpe på garden. Det er alltid noko å gjere».

Gutt ser mot kamera - Klikk for stort bilete

 

Namn: Olav Øvrebust
Alder : 17
Skule: Startar på 2. året VGS
Sommarjobb: Stordalstunet - Dagsenter i heimebygda Stordal

Kva har du jobba med Olav?
Eg har jobba to veker på heimen og på dagsenteret i Stordal. Det var første gong at eg hadde sommarjobb innan helse, men det gjekk ganske greitt. Eg hadde hyggelege kollegaer. Og brukarane var like hyggelege. Eg opplev at dei set stor pris på kva vi gjer.    

Kva oppgåver hadde du?
«Litt forskjellig. Det var både romvasking og å lage og servere mat, dekke på bordet og lage frukost.

Kan du tenkje deg å ha same jobb neste år?
«Ja! Det var veldig hyggeleg å jobbe her. Og med sommarjobb får ein også litt ekstra arbeidserfaring»


Kva har du lyst til å jobbe med når du ferdig med skulen?
«Eg har lyst til å jobbe på sjøen. Som skipsmekanikar».

Gutt set ved pult - Klikk for stort bilete

 

Namn: Laurits Linge Glomnes
Alder : 21
Skule: Startar på Idrettshøgskule i Oslo
Sommarjobb: Tafjordbadet

Travelt på jobb Laurits?
Ja, full fart i dag. Det er faktisk litt meir besøk enn på ei vanleg «overskya» dag. Men det er fint med besøk».

Dokke er med fleire?
«Ja, vanlegvis er vi to som er på jobb. Vi fordeler arbeidet, og jobbar 1 time ute ved bassenget og 1 time inne, i kiosken».

Kva føretrekker du?
«Når det er fint vær er det kjekt å være ute»

Det går bra med salet?
«Vi sel pølse med brød, is, brus og sjokolade. På ein varm dag er det masse folk som ønsker å kjøpe noko. Då er det kø ved kiosken».

Du har litt erfaring frå før?
«Dette er mitt 5 år at eg jobbar her. Eg bur på Linge. Eg liker å vere her. Eg kan jobbe mykje, og jobben er kjekt».